February 4th, 2008
Eg har kome fram til at eg er for lite datakyndig til å oppretthalde denne bloggen. Eg vert spamma i hjel, klarar ikkje å gjere noko med det og eg dør på meg. Har derfor oppretta ein ny blogg. Kanskje får eg med denne meir luft og albogerom. Sjekk ut linken om du vil: http://tingom.blogspot.com/
Pratast!
Posted in Dill og dall | No Comments »
July 14th, 2007

Etter ca 2 veker med ferie hos sine besteforeldre i Kristiansand syntes Synne det vart nok, pakka kofferten sin og rømte. Ho angra temmelig fort, snudde og gjenopptok det gode ferielivet. Glade er vi for det.
Posted in Foto, Synne | 1 Comment »
June 23rd, 2007

Kl 1401 i går kom denne vesle karen - Arian, til verda. Han er ikkje stor, berre 3780 gr og 1/2 meteren, men ser ut til å kunne bli litt av ein fighter.. Eg traff han i dag og han bad meg helse alle! Han er rusa på livet, har noko einsidige interesser førebels, og gler seg veldig til å bli innvidd i fleire.. Foreldra var i storslag, uforskamma friske og opplagte.
Fleire bilete finn du om du trykker på linken under her.. Der ja.
Read the rest of this entry »
Posted in Foto | 4 Comments »
June 23rd, 2007

Svar: Godt!
Tok turen til Os i dag saman med A., og det skulle vi ikkje angre på. Bading, roing, inntak av svært salt mat, lesing, kuling, og overivrige prosjekt med blitsfotografering over bord stod på programmet og det vart suksess. Eg gjer det gjerne igjen.
Posted in Foto, Dill og dall | No Comments »
June 21st, 2007

Endeleg lot det seg gjere å få tilgang til eigne bilete frå helgas absolutte høgdepunkt; Raggs og Veggis som ikkje mindre enn gifta seg… Eg fikk den ære å ta bilete i kyrkja og har i fleire dagar hatt dårleg nattesøvn, bite ned mine allereie for korte negler og i det heile vore bekymra for kva eg i den gripande stunda kunne finne på å gjere med kameraet i handa.. Ta bilete med lokket på for eksempel.. Men, men det ser ut til at eg i alle fall unngikk det og har kanskje eitt og anna skapeleg bilete i boks. I såfall kjem det fleire.. Vi får sjå!
Gode bilete eller ei - det var eit fabelaktig bryllaup, og eg har kome fram til at eg likar dei begge to berre betre og betre!
Posted in Foto | No Comments »
May 9th, 2007
Leilegheita er ute for sal: Kva gir dåkke?
Posted in Dill og dall | No Comments »
May 3rd, 2007

Er dette ein kopi av pæra som liten? …altså Synnes kjære onkel? Eller er det berre hennar mor som sprer om seg med vas om ting som ho ikkje har peil på, ting som var før ho vart født?
Posted in Foto, Synne | No Comments »
April 29th, 2007
No nærmar det seg midt på natta for ein hardtarbeidande småbarnsfar som meg, og eg sit her endå. Utan mål og meining. Men, det er noko som held meg igjen. Kva? Eg veit ikkje, men det kjennest.
Posted in Dill og dall | 1 Comment »